Velkommen til historiens skatter i Ål


 

 

 

 

 

 

 

 



 

ÅL BYGDAMUSEUM  1/7 - 15/8  tirs-søn  kl 11-16

Reiser ein 1,4 km frå Sundre (sentrum i Ål) oppover Øvre-Ålsvegen, kjem ein til Ål Bygdamuseum på garden nordre Leksvol. 

Ål Bygdamuseum starta i 1924, med dei gamle husa på Leksvoll som grunnlag:  2 stugu, loft, stolphus,sauestall, grisehus, fjøs, låve, hestestall og eldhus.  Den eine stugu vart brukt til tingstugu fra 1671 til 1730.  Badstugu, kvernhuset og smiu er flutte til tunet fra andre gardar i Ål.  Museet har skaffa seg mange fleire hus som er sette opp att i bakkane ovafor gardstunet.  Her er fleire stugu, m.a. Settungsgardstugu, der eine stugurommet er rosemåla av Nils Bæra.  Her er Holto-loftet, der fyrste høgda er rosemåla av Herbrand Sata.  Her er ymse hus fra husmanns- plassar og stølar, og ei nybygd steinbu.

 

Hallingrosa er ei utstilling av ymse rosemåla gjenstandar.  Det er rosemålararbeid gjort av 11 ulike karar, den eldste var fødd i 1746, den yngste i 1911.  Gjenstandane høyrer til Ål Bygdamuseum. 

Utstillinga er i Ål kulturhus, og er open heile året.  Gratis inngang,