|
|
Siste bonden på Skaga overdrog garden til Hallingdal Høgskulelag, som bygde folkehøgskule her i 1958. Det gamle gardstunet med innbu vart museum - med stugu, loft, stolphus, låve, stallar med trev, eldhus og skåle. Museet har seinare skaffa seg badstugu (frå Trondsgard) og kvernhus (frå Brennhovd), stølsbu med innåtbygd fjøs (frå Turhusvollen på Habbeset) og fôrlu (frå Sjauset), dessutan skulestugu (frå Grønlio). Dei fleste husa er frå 1800-talet, loftet er frå 1750.
|