|
|
I 1956 kjøpte Hemsedal kommune husa på øvre Løkji og gjorde dei til bygdatun. Garden har stugu, stolphus, låve, fjøs og stall, dessutan ei smiu litt unna tunet. Ei badstugu (frå Heggjistad) er sett opp på same staden som øvre Løkji tidlegare hadde badstugu. Tunet med hus og innbu gjev ei godt bilete på koss det var på ein gard i Hemsedal på 1700- og 1800-talet. På øvre Løkji syner det framleis koss bøndene bygde opp steingardar og steinhaugar for å få mest mogeleg ljåslått og fôrhausting i inn- og utmark. Frå tunet går det fleire stigar som delvis følgjer dei gamle stølsvegane til fjells. I utmarka er det sett opp ei stølsbu (frå Embrikgarden) og ei fôrlu'u (frå Fagerset).
|