|
|
Hol Bygdemuseum har ogso ein del hus andre stader i kommunen. Skulestugu i Nord-Hovet, bygd i åra 1880 - 1882, brukt til 1948. Dokken i Sudndalen Hol kommune overtok Dokken i Sudndalen i 1959. Her står dei gamle husa (7 stk. + oppattbygd smiu) på same staden som dei vart bygde i åra 1795 - 1798. Gamlekyrkja i Hol 1/7-15/8 tirs-søn kl 11-16 Kyrkja har vorte utvida og ombygd fleire gonger. Det var opphavleg ei lita stavkyrkje, trulig bygd på 1200-talet. Kyrkja vart utvida med ein tømra del, visstnok på 1500-talet. I 1697 vart ho bygd om og utvida på nytt. Samstundes fekk kyrkja vindauge. den tredje og største ombygginga var i 1798 - 99. Mykje vart endra, og kyrkja vart utvida, ho fekk då den forma ho har no, og ho vart bordkledd både utanpå og inni. Tett nedafor kyrkja står 2 hus: Tingstugu bygd rundt 1815. Her kunne kyrkjeålmugen gå inn for å verme seg før og etter messa, og her dansa ungdomane når det var brurevigsle. Prestestugu bygd i 1844. Her budde presten på embetsreisene til Hol, Hol var anneks til Ål hovudsokn fram til 1870.
|