GOL BYGDEMUSEUM

Siste bonden på Skaga overdrog garden til Hallingdal Høgskulelag, som bygde folkehøgskule her i 1958. Det gamle gardstunet med innbu vart museum – med stugu, loft, stolphus, låve, stallar med trev, eldhus og skåle. Museet har seinare skaffa seg badstugu (frå Trondsgard) og kvernhus (frå Brennhovd), stølsbu med innåtbygd fjøs (frå Turhusvollen på Habbeset) og fôrlu (frå Sjauset), dessutan skulestugu (frå Grønlio).

Gol Bygdemuseum er eit flott turmål og tunet kan besøkast når som helst.  Kvardagar i juli månad er husa åpne for publikum. For grupper er det mogeleg å tinge omvisning til andre tider.

Kart til GOL BYGDEMUSEUM