ÅL BYGDAMUSEUM

Her er det høve til å oppleve både natur og kulturhistorie. Det ligg landleg til i bakkane 1,4 km nord-vest for Ål sentrum og er omkransa av skog, åkrar, jorder og gamle steinmurer med utsikt over Strandafjorden, Sangefjell, Vestlia og sentrumsområdet.

Museet har 32 gamle hus.  Stolphus, loft, fjøs, smie, bekkekvern, badstugu, skulestugu og stølsbuer, samt små og store våningshus, med og utan rosemåling.  Du kan se de gamle husene på Ål Bygdamuseum her på Digitalt Museum.

Aktivitetar som «Moder Jord-dag», 17. mai samkome, urtedag, slåttedag, miljødagar, hausttakkefest og adventsarrangement er det høve til å delta på. På husmannsplassen har museet eit kulturhistorisk aktivitetsområde med tema «Mat frå jord til bord», som i hovudsak er eit tilbod til skuleklassar.

Grupper kan tinge omvising også utanom opningstid.

Kart til ÅL BYGDAMUSEUM