Det er lagd ei utstilling på Hol Bygdemuseum i 2018:

150 år med litteratur om Hallingdal frå Det Norske Samlaget.

Det Norske Samlaget er i år 150 år gamalt. Fyrste boka dei gav ut, var Søgnir fraa Hallingdal (1868). I 1926 trykte dei opp ny utgåve av denne. Til 100-års-jubiléet gav dei ut 3. utgåva, då med føreord og etterord av Reidar Djupedal. Det Norske Samlaget har æra for mykje litteratur om Hallingdal. Me har prøvd å samle opp mykje av dette, faglitteratur og skjønnlitteratur, prosa og poesi, litteratur både for vaksne og ungar.