HAUSTTAKKEFEST ÅL BYGDAMUSEUM

HAUSTTAKKEFEST ÅL BYGDAMUSEUM

Sundag 2. september 2018 kl. 13- 16 er det hausttakkefest på Ål Bygdamuseum.

Programmet startar kl. 14 med friluftsgudsteneste, dåp og utdeling av «Mi kyrkjebok» til alle fireåringar. Sidan blir det smak av ferske lokale grønsaker og urter samt frukt og ville bær. Me oppfordrar til å ta med noko sunt og godt til deling med andre denne dagen, då me ynskjer å laga eit spleisemåltid som er nettopp det. Tek du med  noko som er dyrka lokalt, økologisk / biodynamisk eller har vakse vilt så er det ekstra fint. Hausten er ei fin tid med moglegheit til å nytte og nyte av jorda si grøde både ifrå skog og hage, denne dagen takkar me for det. Til utlodding blir det kortreiste grønsaker frå Nerol Økologiske Andelshage. Ved regnvér blir hausttakkefesten flytt til Ål kyrkje.

Hjarteleg velkommen til ein triveleg dag!