Idé- og erfaringsutveksling om munnleg historie i Hallingdal

Idé- og erfaringsutveksling om munnleg historie i Hallingdal

Høvahuset-Hallingdal Museum, Nesbyen

Til historielag i Hallingdal
Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, skal i tre år framover arbeida for å auka aktivitetane rundt innsamling, bevaring og formidling av munnleg historie (oral history) i Noreg. Prosjektet er eit samarbeid med Folkeminnesamlinga og Norsk etnologisk gransking, finansiert av Sparebankstiftelsen DnB.
Vi har valt å legga den offisielle opningsmarkeringa til Høvahuset, Hallingdal Museum i Nesbyen, den 27. august 2019 frå kl. 13:30 til 15:30.
Markeringa får ikkje form av hornmusikk og fyrverkeri – i staden vil me invitera til ei utveksling av erfaringar og idéar om immateriell kulturarv og munnleg historie i Hallingdal. Kva er det? Kva bør dokumenterast og bevarast? Korleis kan det gjerast?
Me vil svært gjerne få invitera aktive historielagsmedlemmer i Hallingdal til å delta. Me har invitert særskilt eit panel av enkeltpersonar – mellom andre leiarane av Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking og Memoar samt prosjektleiaren for «Munnleg historie for alle». I tillegg håpar me på at både frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar kan ta seg tid til eit par timars høgttenking saman med oss. Sjå meir om prosjektet på nettsida http://mha.memoar.no. Me har også starta utviklinga av ei prosjektnettside for Hallingdal – sjå http://hallingdal.memoar.no. (Der vil dei deltakarane i panelet bli lista opp etter kvart som dei seier ja til invitasjonen).
Møtet vil vera ope for presse og publikum. Me ynskjer også sjølve å gjera opptak til ein reportasje om samtalen, for me trur han vil bli interessant for alle rundt i landet som skal starta lokale minneinnsamlingar dei komande åra. Det er både rike tradisjonar og verdfulle erfaringar med bevaring og formidling av munnleg historie i Hallingdal!
Beste helsing
Bjørn Enes,
Leiar av Memoar. bjorn.enes@memoar.no – 41516745