ADVENT PÅ MUSEET

Tradisjon tro arrangerer Ål Bygdamuseum advent på museet søndag 10.desember 2017 kl 12-16.

Juleverksted, traktement og musikk. Inngang kr. 100,-

ADVENT PÅ MUSEET OG LUCIAKVELD

Ynskjer du å lage naturlege og lokale julegåver og julepynt i år? Då er Ål Bygdamuseum fyrskomande sundag staden, med juleverkstad for alle.

I verkstaden blir det i år sponarbeid av ulike slag. I Settungsgardstugu er det mogeleg å lage bivoks-lys og kjøpe aromatiske viltveksande krydderurter som oregano eller bergmynte og salvie, økologisk kaldpressa olivenolje m.m. For anledningen er det godt og varmt og det blir eventyr- og musikkstund med Knerten- familien i frå Leksvolskogen til stades. Det blir både syrisk og norsk innslag. Det kjem visseleg til å bli eit triveleg bel.

Ute kan ein få glutenfri goro steikt på bål, heimelaga gløgg, kaffi og museets urte-te.

Fortset snøføret som no er det mogeleg å låne gamaldagse kjelkar og prøve akebakken.

Onsdag samlas me i snekkerverkstaden til Luciakveld med lussekattar og varm drikke, tente lys og god atmosfære. Det blir høve til å gjere trearbeid for dei som vil det.

Hjarteleg velkomen til roleg og hyggeleg førjulstemning!

Birgitte Lindhjem Hallingdal Museum