MODER JORD-DAG

Moder Jord- dag er ein internasjonal dag som blir markert for å minne oss på at Jorda og økosystema gjev oss liv og næring. Moder Jord er ei vanleg nemning på jordkloden i ei rekkje land og regionar og reflekterar den gjensidige avhenga mellom menneska, andre levande artar og planeten.

Nettopp dette er tematikken for utstillinga som blir opna på Ål Bygdamuseum når Hallingdal Museum for sjuande år på rad markerer dagen. Me ynskjer at denne dagen skal gje inspirasjon til å gjere ein positiv innsats for Moder Jord.

Tema tidlegare har vore: Brennesla til glede og nytte gjennom tidene, Økologisk jordbruk og gamle kornsortar, Skogen lokalt og globalt, Det livsviktige vatnet før og no, Ta vare på matjorda- ta vare på deg sjølv, Frø og Andelslandbruk – Oikos lokallag .

Kl. 12. Opning av utstilling på Ål Bygdamuseum, Øvre- Ålsvegen 43.

Me stiller ei rekkje spørsmål kring menneske og natur. Publikum kan aktivt delta ved å skrive sine svar og tankar på handhøvla granbord i ei lu på museet. Me ynskjer å gjere folk meire medvitne på både kva dei sjølv og andre gjer for å ta hensyn til naturen og andre arter. Kanskje du kan bli inspirert av andre sine ord?

 

Foto: Herman Kvelprud

Kl. 13.30. Lunsj på Ål Frivilligsentral, Torget 6.

Céline Battédou serverar fleire rettars fantastisk lunsj med sunne og gode råvarer frå Moder Jord denne dagen.

Céline kjem frå Frankrike, ho lagar kreative, smakfulle og inspirerande måltid

Lunsjen som blir servert er spanande på smak, økologisk, vegetarisk og glutenfri. Rettane vil innehalde varmmat, fermenterte grønsaker, spirer, råkost, deilig garnityr og nokre overraskingar. Fermenterte drikker og ein sunn dessert utan kvitt sukker følgjer med. Museet serverar te med urter frå eigen hage og økologisk kaffe.

Ver snill og seie i frå på førehand om du ikkje et ost, egg eller har andre matintoleranser, menyen kan tilpassast deg.

Céline let inspirasjonen vere med på å forme måltidet, dei som kjenner henne frå før veit å stole på talentet hennar. Du kan vere sikker på at det som blir servert kjem til å vere godt og unikt.

Påmelding til lunsj: lindhjem@buskerudmuseet.no Tlf: 32 08 17 70/913 22 686 (sms).

Pris: t.o.m. 9 år: 100,-/ 10-17 år: 150,-/ over 18 år: 300,- (Kun kontant betaling).

Harteleg velkomen!