SJOKOLADEKURS

Under ØKOUKA i Buskerud inviterar Hallingdal Museum saman med Økosjokolade til sjokoladekurs på Ål. Ei av Økosjokolade sine ambassadørar kjem for å halde kurset, som er både for born og vaksne. Me viser deg korleis du enkelt kan lage ei sunnare sukkerfri sjokolade heime på ditt eige kjøken. Me brukar kun reine økologiske ingrediensar, sunnare alternative søtningsmidlar og skånsam framstilt kakao som gjer at resultatet blir ein herleg næringsrik sjokolade proppfull av antioksidantar, vitamin og mineral.
Alle deltakarane fer vere med å lage sjokolade og alle får smake på dei ulike variantane på slutten av kurset. Kanskje blir det noko å ta med heim også…? Ta gjerne med ein ven, veninne, svigermor, dotter eller nabo, her blir det sjokolade til alle!

Museet serverar urte- te av lokale urter og økologisk kaffi.

Meld deg på til www.okosjokolade.no/kurs. For meire info kontakt: Jessica: 92207623.
Pris: 3- 6 år: 80,- / 7- 12 år: 290,-/ 13 år +: 390,- (inkl. smaksprøver og oppskriftshefte).
NB: Kurset blir gjennomført med forbehald om eit minimum antal påmeldte.

Hjarteleg velkomen!