FERMENTERINGSKURS

ØKOUKA er ei nasjonal feiring av norsk økologisk mat. Arrangementa denne veka formidlar råvarer, kunnskap og inspirasjon. Veka vil vise fram mangfaldet av landbruk- og matproduskjon i Noreg og knyte det til folks kvardag. (www.okouka.no)

Laurdag 22. september blir det fermenteringskurs på Ål Frivilligsentral kl. 12- 14. Céline Battédou kjem til Ål for å lære bort kunsten å fermentere grønsaker, denne gongen også chutney. Céline er frå Frankrike, busett i Norge og har i fleire år arbeidt med vegleiing innan ernæring. Ho held mat- spire- hage- og naturkurs og er ein svært inspirerande kurshaldar, som ein bør nytte høve til å  kome og lære av. Ho seier: «Å fermentere mat er døren til en bedre helse, og det hjelper deg til å ha en bedre balanse i livet ditt. Det har en innvirkning på fordøyelsen, immunsystemet og humøret blant annet.»

Alle får lage kvart sitt glas med fermenterte grønsaker samt eit glas med chutney. Til grønsaksblandinga tek du med ingrediensar sjølv, til chutneyen fer du mellom anna lokale epler. Me hyggar oss med ein kopp te av lokale urter, medan Céline formidlar av sin kunnskap

Meire info: celine.battedou@hotmail.fr eller 93475834

Påmelding: lindhjem@buskerudmuseet.no, tlf: 91322686 (sms) eller 32081770.