SLÅTTEDAG I DOKKEN

Den vakre blomsterenga må vike for ljåen.

Bli med på raking og hesjing.

Servering av kaker og kaffe ved Hol Museumslag.

Velkomen!

 

Med slåttediktet hans Arne Garborg ynskjer Hol Bygdemuseum / Hallingdal Museum alle velkomne til Dokken i Sudndalen laurdag 11. august 2018.

I slåtten

No ljåen han syng på den saftige voll, og alle småblomane slær han i koll, og graset av roti han sopar. Det gjeng seg so lett i den dogg-mjuke eng; i skårane svingar seg dreng etter dreng og slær so or vegen! det ropar.

Ja svinga, du slåttar, og vollane snøyd! Det angar so godt av det nyslegne høy, som verdi var full utav blomar. Det legg seg ein god-dåm um bakke og bygd; det er som ei ørske av nøgd og av trygd; det angar so hjarteleg sùmar.

Og gjev det vil skifte med sol og med vind, so all den Guds gåva dei godt kan få inn! Det vil eg so inderleg beda. Ja gjev oss ein terre so god og so traust! Då tarv me kje ræddast den folnande haust; og jol skal me halda med gleda.

(Frå «Haugtussa», 1895.)