SLÅTTEDAG PÅ ÅL BYGDAMUSEUM

SLÅTTEDAG PÅ ÅL BYGDAMUSEUM

Bli med i slåtten og sjå om du får sving på ljåen. Ta gjerne med eigen ljå. Her får du bruke rive og ved uttrygt vér fer ein prøve hesjing, elles blir det bakketurk.

Slåttedag på Ål Bygdamuseum

Slåttedag på Ål Bygdamuseum

 

 

 

 

 

 

 

Hallingdal Museum deler med seg kunsten å slå med ljå, breie, kå og rake med rive.  Fleire dagar i sumar kan interesserte ta turen for å lære meir om gamaldags slåttonn, som mellom anna bidreg til artsmangfald av planter og insekt i enga.

Torsdag 23.07.2020 ( kl 05-18) er det slåttedag på Ål Bygdamuseum.  Der kan ein vere med på ljåslått, raking, bæra for med reip og reipsul.  Bli med på ein arbeidsdag slik han bruka å vere, der det går slag i slag med arbeids- og matøkter.  Prøv deg på å kveta ljå og å spikke rivetinder.

Hjarteleg velkomen!