HEMSEDAL BYGDATUN

Bygdatunet Øvre Løkji er ein av dei eldste gardane i Hemsedal. Det har sannsynlegvis vore gard her sidan folkevandringstid. Bygningane, stugu, stolphus, låvefjøs, stall og smie skriv seg frå mellom 1642 og 1876. Ei badstugu og ei forløe frå Grøndalen er sett opp utanfor sjølve tunet, likeeins ei stølsbu frå Lykkja. Tunet med hus og innbu gjev eit godt døme på korleis det var på ein gard i Hemsedal på 1600, 1700-talet og opp mot vår eigen tid.

Frå tunet går ein gamal stølsveg opp til Skogshorn. Han har vorte ein populær turstig som m.a. fører til Geiteberget, Storhøvde og Skurvefjell.

Kulturlandskapet som høyrer til garden har stått mest uendra gjennom hundreåra. Steingardar og rydningsrøyser fortel om slitet folk har hatt med å rydde dyrkingsjord i dei bratte bakkane. Skogen har ete seg innpå dyrkamarka gjennom fleire tiår, men restaurering, skjøtsel og beite er i ferd med å opne innmarka opp att. Kulturlandskapet på Øvre Løkji er av ”særleg nasjonal interesse”

Kart til HEMSEDAL BYGDATUN

.