HOL BYGDEMUSEUM

Husa er frå ulike stader i Hol kommune, dei fleste er frå 1700- og 1800-talet. Innhusa står øvst i museumsgarden: setestugu (frå Sveingard), stasstugu (frå Nestegard) – rosemåla av Kitil Rygg, og kårstugu (frå Raunsgard) – rosemåla av Kristen Ånstad. Nedafor står uthusa: stolphus, loft, fjøs, låve og stallar. Eldhuset, smiu og badstugu står noko lenger unna på grunn av brannfare med slike hus. Kvernhuset står ogso utanfor tunet, sameleis ei stølsbu og ei lu.

Nedafor tunet er det ein husmannsplass med 3 hus: stugu, stolphus og låve (med fjøs under). Desse 3 husa stod tidlegare i Meiebakka i Mogrenda.

I tillegg er det utstillingsbygning med m.a. mykje rosemåling og bygdedrakter.

Hol Bygdemuseum vart skipa av interesserte bygdefolk på eit møte 8. november 1914. På møtet låg det føre tilbod om å kjøpe Nestegardstugu. I 1917 vart denne overteken av museet, bygdafolket ytte tilskot til kjøpet. Ein plan om å få til ein gamal holingsgard med alt som høyrde til, vart lagt. Museet vart drive av friviljuge eldsjeler fram til 1973, då vart det kommunalt. Frå 2004 har sameininga Hallingdal Museum hatt ansvar for drifta.

Kart til HOL BYGDEMUSEUM

Hol Bygdemuseum har ogso ein del hus andre stader i kommunen:

DSC_0966_2 - CopyI Dokken i Sudndalen: Hol kommune overtok Dokken i Sudndalen i 1959. Her står dei gamle husa på same staden som dei vart bygde i åra 1795-1798: stugu (loftstugu), stolphus, låve, fjøs, stallar og eldhus. Ei gamal badstugu vart kjøpt attåt etter at kommunen overtok garden. Smiu er bygd i 1985, ho er sett opp på gamle murar. Både loftstugu, fjøset og låven i Dokken er lafta av kløyvd tømmer. Sist på 1700-talet hadde dei mykje grovt tømmer i Sudndalen.

I Hovet: Skulestugu i Nord-Hovet, bygd i åra 1880-1882, brukt til 1948 og ei lita stugu etter familien Øvrevollseie.

På Øvremyro i Holet: Arresthus og stolphus.

Tett nedafor Gamlekyrkja: Tingstugu, bygd rundt 1815. Her kunne kyrkjeålmugen gå inn for å varme seg før og etter messa, og her dansa ungdomane når det var brurevigsle.

Prestestugu, bygd i 1844. Her budde presten på embetsreisene til Hol. (Hol var anneks til Ål hovudsokn fram til 1870.)