
Hol Bygdemuseum

Kitil Rygg 1759

Kristen Aanstad ca. 1790
Nedafor står uthusa: stolphus, loft, fjøs, låve og stallar. Eldhuset, smiu og badstugu står noko lenger unna på grunn av brannfare med slike hus. Kvernhuset står ogso utanfor tunet, sameleis ei stølsbu og ei lu.
Nedafor tunet er det ein husmannsplass med 3 hus: stugu, stolphus og låve (med fjøs under). Desse 3 husa stod tidlegare i Meiebakka i Mogrenda.
I tillegg er det utstillingsbygning med m.a. mykje rosemåling og bygdedrakter.
Hol Bygdemuseum vart skipa av interesserte bygdefolk på eit møte 8. november 1914. På møtet låg det føre tilbod om å kjøpe Nestegardstugu. I 1917 vart denne overteken av museet, bygdafolket ytte tilskot til kjøpet. Ein plan om å få til ein gamal holingsgard med alt som høyrde til, vart lagt. Museet vart drive av friviljuge eldsjeler fram til 1973, då vart det kommunalt. Frå 2004 har sameininga Hallingdal Museum hatt ansvar for drifta.
I Dokken i Sudndalen:
Hol kommune overtok Dokken i Sudndalen i 1959. Her står dei gamle husa på same staden som dei vart bygde i åra 1795-1798: stugu (loftstugu), stolphus, låve, fjøs, stallar og eldhus. Ei gamal badstugu vart kjøpt attåt etter at kommunen overtok garden. Smiu er bygd i 1985, ho er sett opp på gamle murar.
Både loftstugu, fjøset og låven i Dokken er lafta av kløyvd tømmer. Sist på 1700-talet hadde dei mykje grovt tømmer i Sudndalen.

Dokken i Sudndalen
Skulestugu i Nord-Hovet, bygd i åra 1880-1882, brukt til 1948.
Ei lita stugu i Hovet, etter familien Øvrevollseie.
Arresthus og stolphus.
Kyrkja har vorte utvida og ombygd fleire gonger. Det var opphavleg ei lita stavkyrkje, truleg bygd på 1200-talet. Kyrkja vart utvida med ein tømra del, visstnok på 1500-talet. I 1697 vart ho bygd om og utvida på nytt. Samstundes fekk kyrkja vindauge. Den tredje og største ombygginga var i 1798-99. Mykje vart endra, og kyrkja vart utvida, ho fekk då den forma ho har no, og ho vart bordkledd både utanpå og inni.
Tingstugu, bygd rundt 1815. Her kunne kyrkjeålmugen gå inn for å varme seg før og etter messa, og her dansa ungdomane når det var brurevigsle.
Prestestugu, bygd i 1844. Her budde presten på embetsreisene til Hol. (Hol var anneks til Ål hovudsokn fram til 1870.)
